torsdag 5. november 2009

"Om kunsten å samtale" av Michel de Montaigne


Teksten ”Om kunsten å samtale” er skrive av den franske forfattaren Michel de Montaigne (1533-1592). Montaigne var ein ”liberal” forfattar for si tid, og mest kjend er han vel for å ha ”funne opp” essaysjangeren: Ein sjanger som representerte nytenking i forhold til anna litteratur på denne tida. ”Om kunsten å samtale” er skrive under renessansen (1400-1600), noko teksten ber tydeleg preg av. Mennesket er i sentrum, det blir reflektert rundt både små og store tema. og forfattaren skriv om eigne tankar.


Teksten handlar i grove trekk om korleis ein skal konversere på ein grei og tydeleg måte. Forfattaren kjem med eigne meiningar rundt korleis ein skal møte motstandarane i samtale og diskusjon. Han meiner at folk bør halde seg til visse reglar når ein diskuterer – og ikkje kome med usaklege påstandar eller meiningar om motstandaren.
Både språket og oppbygginga i teksten er typisk for essaysjangeren. Forfattaren kjem ofte ut på sidespor, men held seg likevel til ein raud tråd gjennom heile teksten. Essayisten viser òg kunnskap om ulike tema. Viss ein analyserer teksten, er det noko uklart om det er eit typisk personleg essay eller eit såkalla sakessay, men mange vil nok likevel hevde at det er eit personleg essay.

Når ein les dette essayet, er det nesten litt ”skremmande” å sjå kor moderne denne teksten eigentleg er. Språk, form og innhald er svært lik mykje av den litteraturen vi har i dag, og det er ikkje tvil om at Montaigne må ha vore ein stor forfattar som utan tvil var før si tid.


Kjelder:

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar